Søk


Kategorier

$d.getImageAlt(

Silje Øye

Eg føler meg betre rusta til å gjere jobben min med spesialpedagogikkstudiet i ryggen.

Busatt: Uskedalen
Studium/kurs: Spesialpedagogikk
 

Korleis strukturerer du din studiekvardag?

Eg tar det egentlig litt på sparket. Har brukt studieplanen og sett meg opp litt fristar på når eg skal vera ferdig med pensum eller ei oppgåve. Men ser eg at det ikkje blir tid til lesing den eine dagen, tar eg det igjen den neste. Det er ein av tinga som er så bra ved å vera nettstudent! Dersom eg vil skrive oppgåve i helgene, sender eg mann og barn utav huset for nokre timar, slik at ingenting kan distrahere meg når "flyten" er i gang!

Kva hjelper veiledaren din deg med?

Veiledaren min hjelper meg med å få rett fokus, då ser eg ting på ein litt anna måte enn eg gjer når eg sitt der med tankane mine aleine. Eg får supergode tilbakemeldingar på oppgåvene, kva som er bra og kva som eventuelt kunne vore betre, det er lærerikt! Han hjelp meg med å velje fokusområder som ikkje er for svevande, og tipsar meg om å gå i retningar som er betre å jobbe med.
 

Kvifor valgte du å studere spesialpedagogikk hos NKS Nettstudier?

Hovudgrunnen var at eg fekk ei lita jente i juli og såg at det var eit godt tidspunkt for meg å ta studiet medan eg gjekk heime i mammapermisjon. Dette hadde ikkje gått så bra dersom eg hadde tatt studiet ein anna plass der eg måtte møtt opp til undervisning, med baby på armen. Så nettstudier passa meg perfekt, og eg vart så glad når eg såg NKS kunne tilby spesialpedagogikk! Nettstudier har gjort kvardagen min som student mykje lettare!

Korleis trur du videreutdanninga vil påverke din jobbsituasjon?

Eg jobbar i barnehage, og trur at dette studiet vil hjelpe meg til å sjå ungane på ein anna måte. Det vil gje meg den tyngda og lærdommen eg treng for å kunne fange opp dei som treng litt ekstra hjelp. Eg føler meg betre rusta til å gjere jobben min med dette studiet i ryggen. Det er eit mangfald av barn og mange treng ulike tilpassingar i kvardagen. Ved å kjenne litt til kva som kjenneteiknar dette og kva ein best kan gjere for å hjelpe vil det heve mitt nivå i jobben.

Kva er fordelene ved å studere på nett?

Det at eg styrer framgangen i studiet heilt sjølv og kva eg vil ta fyrst og sist. Dersom ein av ungane er sjuke, eg sjølv er sjuk, eller noko anna kjem i vegen, kan eg utsetje studiet litt og ta det fram igjen når eg føler det er tid til det. Dessutan kan eg "jobbe meg inn" dersom eg veit det kjem ein periode der det vil bli lite studering, f.eks. når eg skal på ferie.